Når mat blir vanskeleg

– I ein by med mange tusen menneske må det vere fleire enn oss som slit med spisevanskar.

Startar gruppe: Camilla Gjelsten (t.v.) og Laila Krakeli veit korleis det er å ha problem knytt til mat og kropp. No vil dei støtte andre. FOTO: Hanne-Sophie Harnes 

Molde

MOLDE: Det seier Laila Krakeli. Ho har i samarbeid med Camilla Gjelsten og to andre no teke initiativ til å starte opp ei lokalgruppe i Molde for Interessegruppa for kvinner med spisevanskar. Jentene har sjølv kjent på kroppen korleis det er å ha spisevanskar, noko dei trur er ein fordel i arbeidet med den nye gruppa.

– Vi har sjølv hatt eit problematisk forhold til kropp og mat. Eg har blant anna hatt bulimi i 17 år. Vi ynskjer å informere folk om at vi er her, og at dei som slit ikkje er åleine, seier Krakeli.

Ho trur problematikken rundt spisevanskar ikkje er så tabuprega lenger, og at det difor skal gå greitt å få i gang tilbodet.

Viktig å møtast

Camilla Gjelsten har lenge hatt lyst å bidra med eit slikt tilbod. Ho fortel at ho fekk ei aha-oppleving då ho var på ein leir for jenter med spisevanskar.

– Her møtte eg menneske som forsto korleis eg hadde det. Det eg kjente og tenkte blei oppfatta heilt normalt, fordi eg var blant likesinna. Det var då eg forsto kor viktig det er å kome saman, seier Gjelsten.

No har dei klart å samle fire engasjerte jenter med overskot, klare til å starte.

Alle er velkomne

Tilbodet tek til med temakveld 15. november. Her skal jentene informere litt generelt om spisevanskar, og kva dei kan tilby. Alle interesserte er velkomne, både dei som har vore sjuke, er sjuke, pårørande og andre. Ut frå responsen skal jentene legge opp møtetider.

– Målet er å ha ein samlingskveld annakvar veke, og då vil det berre vere for jenter som har vore eller er sjuke, seier Krakeli.

Jentene har også planar om å opprette ei gruppe på Facebook, men førebels held dei seg til gruppebloggen dei har oppretta.

Håper på respons

Jentene håper tilbodet blir godt motteke.

– Eg er veldig engasjert og kjenner at eg brenn for dette. Eg vil ikkje berre hjelpe meg sjølv, men også andre i same situasjon, seier Krakeli.

Jentene understrekar at dette er eit tilbod for alle jenter som slit med mat eller kropp på ulikt vis.

– Sjølv om spisevanskane kan vere ulike, har dei mange likskapstrekk, både når det gjeld tankar, årsaker og kjensler. Det er psykologien bakanfor det handlar om, seier Gjelsten.

Ingen krav

Det nye tilbodet vil vere for dei frå ungdomsskulealder og oppover. Og det vil vere teieplikt på møta.

– Om nokon ynskjer ein samtale, er vi sjølvsagt tilgjengelege for det, men ein treng ikkje prate. Ein kan berre ta med seg strikkety og ta ein kaffi om ein ynskjer det, avsluttar Krakeli.