Pilothelt avslutta karrieren i Molde

Stein Magne Lian blei helt etter øksedrama i cockpit i 2004 - søndag kveld avslutta han pilotkarrieren på Årø.

  Foto: ØYVIND KJEILEN

Molde

Stein Magne Lians siste flytur var eit charteroppdrag der han frakta fotballklubben Hødd frå Kristiansand til Ålesund, før han parkerte flyet på Årø.

Lian har dei siste par åra hatt Molde som base, som flygar for Krohn Air og mange oppdrag for Helitrans.

Søndag kveld gikk Svein Magne Lian ut av pilotsetet for siste gong.

- Men no er det slutt. Arbeidsmarknaden for norske pilotar er stadig vanskelegare, seier 64-åringen, som begynte å fly allereie i 1970.



Øksedrama

Lian vart kjend som helt då han i 2004 kom opp i øksedrama i cockpiten - ein desperado gikk til åtak med øks, der han trefte kapteinen i hovudet. Flyet med ni passasjerar om bord rasa mot bakken.

Lian og styrmannen fekk i siste liten snudd flyet og avverga katastrofe.

- Det var jo dramatisk, men det har ikkje plaga meg i ettertid - det gikk jo fint med alle, seier Lian.

64-åringen fortel at han har hatt ein fin jobb som flygar, sjølv om han også har opplevd ein del turbulens i samband at mindre selskap har slite med å overleve.



Blir trailersjåfør

- No er det slutt. Det er jo vemodig, men slik er det, seier eks-piloten.

Han skal likevel på nye turar - som trailersjåfør.

- Det er litt for tidleg å gi seg i arbeidslivet. No skal eg køyre trailer, det har eg gjort ein god del i periodar. Og så skal eg vere instruktør for folk som vil ta privat flygaropplæring, så litt fly vert det nok likevel, seier Lian.

  Foto: ØYVIND KJEILEN