Har fritak - fekk bot

Legen har gitt Roger Mortensen erklæring om bilbeltefritak. Det held ikkje for UP.
Molde

Torsdag kom Roger Mortensen ut for UP-kontroll på Tøndergård.

Som vanleg hadde han ikkje på seg bilbelte, slik han har erklæring frå lege om at han har fritak frå.

- Sjokkert

- Eg har vore stoppa i kontroll før, då var det ok. Men denne gongen ville ikkje politiet akseptere attesten eg la fram, fortel Mortensen.

Politiet såg bort frå legeerklæringa, og skreiv ut eit førelegg på 1500 kroner for manglande bilbeltebruk.

- Eg er sjokkert. Det er ei bot eg aldeles ikkje har tenkt å betale, då får politiet heller stille meg for retten, seier Mortensen.

Han stiller seg svært undrande til at politiet - slik han oppfattar det - set seg over lovverket.

Fritak

23-åringen har erklæring frå lege med fritak for bilbeltebruk av «medisinske årsaker», gjeldande ein femårsperiode.

- Bakgrunnen er ei trafikkulykke eg var oppe i, der bilen rulla rundt og eg vart hengande opp ned i selen medan det begynte å brenne i bilen, fortel Mortensen.

Sjåfør

Han er trailersjåfør av yrke, og fryktar konsekvensane om ikkje legeattesten vert respektert.

- Men yrkessjåfør og fritak for bilbeltebruk - det er vel ikkje ein ideell kombinasjon?

- Nei, det kan ein seie, og det kan vere eg må omskolere meg. Eg er ikkje i mot bilbeltebruk, og jobbar for å komme over dette - men det kan ta litt tid, seier Mortensen.

Gyldig til 2014

Han har kontakta legekontoret der attesten er skriven ut, og fått opplyst at alt er i orden - og at han bør klage på førelegget.

- Men UP seier at attesten din ikkje er etter rett standard?

- Det er nytt for meg, og eit problem som dei då må ta opp med legekontoret. Det kan ikkje vere meininga at eg skal ringe dit kvar veke for å sjekke om attesten framleis gjeld - når legen har skrive «gyldig til 2014», seier Mortensen.

- Rett å skrive ut førelegget

UP meiner det var rett å gje Mortensen førelegg - i tråd med fylkeslegens standard. UPs distriktsleiar for politidistrikta i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka, Per Einar Hollum, poengterer at det er svært viktig å bruke bilbelte, og at fritaksordninga er omstridd.

- Men i forskrift er det unnatak ved legeerklæring, kan UP sjå bort frå det?

- Nei. Men overordna og generelt er det slik at i lova - som står over forskrifta - heiter det at ein må vere helsemessig skikka for å køyre bil, i så fall omfattar dette også å vere frisk nok til å ha å belte.

- Er det politifolk ute på kontroll som skal vurdere det?

- Nei. Men konkret i denne saka har mine folk i Molde teke ansvar og handla i tråd med den standarden fylkeslegen i Møre og Romsdal set ved utskriving av slike erklæringar: Fritaket skal gjelde ein kort og avgrensa periode, og den skal omfatte ein konkret og mellombels helsesituasjon.

- Betyr det at det er ulik standard til dømes i Molde i høve til Trondheim, avhengig av kva ulike fylkeslegar seier?

- Det kan det vere, slik det er ved alle typar kontrollar - det må brukast skjøn på kontrollstaden.

- Så det var rett å skrive ut førelegget?

- Ja, eg er svært godt fornøgd med politifolkas jobb her. Dei legg fylkeslegens standard til grunn, og tek ansvar for å sikre betre trafikktryggleik. Men det er sjølvsagt høve til å klage på førelegget, seier Hollum.