Prisnominert igjen

Grete Kleppen frå Molde er ei av fire nominerte til Kritikerprisen for beste omsetjing.
Molde

Molde: Norsk kritikerlag har offentleggjort dei nominerte til Kritikerprisane for beste vaksenbok, beste barne- og ungdomsbok og beste omsetjing for året 2011. Kleppen er nominert for si omsetjing av «Ein gartnar dør» av Lucien Suel, som kom på Solum forlag i fjor.

Grete Kleppen blei også i 2003 nominert til Kritikerprisen for omsetjinga av «Osnabrück» av Hélène Cixous, den aller første boka ho omsette. I 2007 fekk ho Bastianprisen for beste omsetjing: Hélène Cixous: «Blendverk».

Femte boka

– Det er sjølvsagt ei stor oppmuntring å bli nominert til Kritikerprisen. Eg er forholdsvis ny som omsetjar, dette er berre den femte skjønnlitterære boka eg omsett. Dei fire første er bøker av Hélène Cixous, den femte kjem snart. Nominasjonen var heilt uventa for meg, spesielt sidan denne boka ikkje har fått ein einaste kritikk i avisene. Eg byrja å lure på om nokon i det hele tatt hadde lese den! Ei fin bok som eg kom over helt tilfeldig og anbefalte til Solum forlag, fortel Grete Kleppen i en meil.

– Eg meinte at denne romanen passa godt til mitt eige språk, og det var ein fryd å omsetje han, legg ho til.

Ved universitetet

Grete Kleppen bur no i Caen i Normandie, på 16. året. Ho er i dag omsetjar og forfattar på heiltid, men har tidlegare også undervist ved universitetet i Caen. Røtene til Molde og Romsdal er likevel sterke, med mor og annan familie busett her, og med sommarhus på Bjørnsund.

Grete Kleppen har tydeleg sjarmert Kritikerlaget med si omsetjing. I grunngjevinga for nominasjonen skriv dei mellom anna:

«Ein gartnar dør er en ein bragd av ei omsetjing, der vi aner det franske utgangspunktet og vert forbløffa over rikdomen i det nynorske uttrykket. Språket i omsetjinga er plastisk, fargerikt og duftande, mellom anna takka vere stadige dykk i botanikkens rike språklege reservoar. Omsetjar Grete Kleppen har openbert funnet ei bok som stemmer overeins med eige temperament, for denne teksten står fram som svært godt jorda i det norske språket».

Heller ikkje for Romsdals Budstikkes bokmeldar Jostein Sæbøe kjem nominasjonen som noko overrasking.

Framifrå omsetjar

– Grete Kleppen har ved fleire høve tidlegare vist at ho er ein framifrå omsetjar av franskspråkleg litteratur til norsk. Imponerande var omsetjingane av Hélène Cixous og Jacques Attali. Derfor er det inga stor overrasking at ho no er nominert til kritikarprisen for si nynorske omsetjing av Lucien Suels originale og poetiske roman Ein gartnar dør. Her har Kleppen tatt med seg sine litterære fargeblyantar og stemningsskapande kraft frå eiga dikting, seier Sæbøe.