Raumarock og Moldejazz samarbeider om rockeferje

Ferja "Aure" blir rockescene under Moldejazz, med lokale band i aksjon på dekk.

  Foto: Anita Vingen

  Foto: Raumarock

Molde

Rockeferja skal ligge ved "Mittetkaia" like aust for kafe Gimle og hurtigbåtkaia, og vil ha plass til 200 - 300 besøkande.

- Planen er å rigge scene på dekk, og ha live-band heile jazzveka, fortel festivalsjef for Raumarock, Frode Nakken.

Raumarock vil slik profilere festivalen på Åndalsnes i begynnelsen av august, men poengterer at opplegget under festivalveka i Molde denne gongen er i samarbeid med Moldejazz.

Som kjent vart rockeferjebesøk også foreslått for to år sidan, den gongen vart utspelet slett ikkje ønska velkommen av jazzfestivalen.

- Men denne gongen er det annleis, vi har no eit samarbeid om opplegget, til glede og nytte for begge festivalane.
Vi har fått eit ordentleg innspel frå Raumarock, ein festival som vi gjerne hjelper opp og fram. Men det er viktig at vi har ei hand med i opplegget - det er øydeleggande for jazzfestivalen om byen fyllest opp av aktørar som i rein eigeninteresse vegeterer på festivalen, seier Hans Olav Solli, marknadssjef i Moldejazz.

Han poengterer også at Moldejazz som knutepunktfestival og "storebror" gjerne er med og løfter andre festivalar lokalt, slik ein også har gjort i høve til Ungjazz i Ålesund.

- Det skjer også at vi har band som vi ikkje får plass til på programmet, som vi kanskje kan sende vidare hit, seier Solli.

Enn så lenge er det ikkje klart kven som skal stå for det musikalske på rockeferja.

- Vi er i gang med dette arbeidet, men det vil enno ta ei tid før programmet er klart. Men vi ser for oss at det i stor grad vert lokale band og andre lovande musikarar som får sleppe til, seier Nakken.