– Sjå her! Ein ganske liten plastbit – det er mykje smått, og småbitane er både vanskeleg å ta, og verst for miljøet, seier Mats Bele Auestad, Synne Dahle Aandahl og Anna Sletnes Aase. 8.-klassingane ved Bekkevoll ungdomsskole var tysdag på strandrydding i Kringstadbukta, i valfaget Natur, miljø og friluftsliv. Dei var dermed mellom dei mange som allereie er i gang med vårens ryddeaksjonar.

– Kringstadbukta er naturleg område å rydde for oss på Bekkevoll. Kanskje Bergmo-elevar vil rydde på Retiro? Russen kunne hatt det som ei russeknute å rydde plast nokre timar, foreslår lærer Jakob Elvsåshagen.

Dei skal rydde kvar tirsdag den komande måneden, for å samanlikne avfallet dei finn etter kvart. Kva det er og kor dei trur det kjem frå.

– Utrulege mengder

Tidleg ute var også 37 elevar og tre lærarar med Åfarnes barne- og ungdomsskole, som denne veka brukte ein skuledag på å rydda i fjæra på Krogset på Holmemstranda.

– Det er utrulege mengder som driv i land. Her er plast, isopor, dekk på og utan felg, plastrøyr i mange typar. Det er ille, sa både lærarar og elevar etter ryddeaksjonen.

Tusenvis i gang

Hold Norge rent, som arrangerer landsomfattande strandryddeveke 30. april – 6. mai, kan opplyse at mange her i fylket er tidleg i gang.

– Folk i Møre og Romsdal er flinke! seier prosjektleiar Mari Mo Ostheider i Hold Norge rent. Det er lokalt allereie registrert 250 aksjonar med over 10.000 frivillige, med over 13 tonn innsamla avfall, og 44.340 meter strandlinje rydda.

– I tillegg er det nok slik at ikkje alle registrerer seg, så innsatsen er nok enda større enn dette, seier Mo Ostheider.

Mange variantar

Ivrige ryddarar har mange høve og invitasjonar til å komme seg ut for å medverke i kampen mot plastforsøplinga. Bedrifter og organisasjonar inviterer folk til ryddedugnad, aksjonsdagar, «plogging» (jogg og pukk søppel), og plastrydding i mange andre variantar.

Aksjonsdagar

Hold Norge rent har i strandryddeveka tradisjonelt hatt aksjonsdag laurdagen, i år 5. mai – i tillegg kjem i år NRKs aksjonsdag 3. mai.

– Kanskje litt forvirrande med fleire datoar, men det viktige er at folk kjem seg ut ein dag i løpet av veka og ryddar, seier Mo Ostheider. På Hold Norge rent sine nettsider kan folk gå inn og finne lokale aksjonar på interaktivt kart.

Millionar til rydding

Nordmøre og Romsdal friluftsråd har nyleg fått stadfesta tildeling av 3 millionar kroner i tilskot for lokal innsats mot marin forsøpling.

– Dermed kan vi intensivere innsatsen, og jobbe på fleire måtar med problemet, seier Ola Fremo, leiar for Nordmøre og Romsdal friluftsråd.

«Stikk ut og rydd»

– Vi vidarefører fjorårets suksess med panteordning for plastsøppel, som vi litt humoristisk kallar «Stikk Ut og rydd». Her kan folk etter eige opplegg samle plast, og få pant ved innlevering. Alle vere med, både einskildpersonar, private grupper, lag og organisasjonar, seier Fremo.

Haldningsskapande arbeid

Friluftsrådet forsterkar no staben, for å jobbe vidare også med haldningsskapande arbeid i kampen mot plastforsøpling.

– Vi arbeider mellom anna med nye og spennande opplegg opp mot barn og unge, og vi er med på satsinga på skjergardsteneste for Møre og Romsdal, seier Fremo.

Spleiselag for skjergardsteneste i fylket

Med felles innsats frå stat, fylkeskommune, kommunar og friluftsråda, går det mot etablering av skjergardsteneste også i Møre og Romsdal.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjort vedtak om å løyve inntil 2,5 millionar kroner til båtkjøp, og inntil 400.000 kroner i året i drift av skjergardsteneste, for slik å medverke til å sikre langvarig drift av ei slik teneste. Det fylkeskommunale tilskota er avgrensa til 1/3 av dei samla kostnadane til investeringa, totalt 7,5 mill. kroner.

Konseptet er kjent frå andre landsdelar. Det føreset samarbeid mellom ulike instansar som deler på kostnader for å handtere marin forsøpling, mellom desse lokale friluftsråd.

I saksutgreiinga heiter det at marin forsøpling er eit eskalerande problem; store mengder plast kjem med hav og fjordstraumar og forureinar kysten. Samtidig er mange holmar og øyar lite tilgjengeleg utan båt, kanskje er helikopter einaste moglege transportmiddel når søpla skal hentast ut.

Skjergardsteneste i Møre og Romsdal må slik handle både om tiltak mot marin forsøpling, og om drift og skjøtsel av sjøbaserte friluftslivsområde.

Kart over ryddeområder i denne lenka.