Klare for Dyregod-dagane 2011

Årets Dyregod-dagar byr mellom anna på drengatlon, eventyrskog og auksjon for kjøttfe.

  Foto: May Heggset Reiten.

Gjemnes

Programmet for Dyregod-dagane 2011er klart, og arrangørane held seg til suksessoppskrifta frå i fjor.

- Me var så fornøgde med programmet i fjor, at me ikkje ønskjer å gjere nokon store endringar, fortel program- marknads- og infoansvarleg Bjørn Eikemo.

- Det er som dei seier: Never change a winning team!

Noko for alle

Programmet byr i år som i tidlegare år på ei rekkje aktivitetar, utstillingar og salgsboder knytt til norsk landbruk og bygdenæringar. Arrangementkoordinator Ole Eimund Øverland meiner det er noko å hente for folk i alle aldrar.

- Born kan oppleve eventyrskogen, der det er mange dyr og eventyrfigurar. Her vil også skodespelarar framføre eit norsk folkeeventyr. Dei eldre borna og ungdommane kan få prøve seg på drengatlon, ei hinderløype for drenger og budeier, og elles har me lagt inn både seminar, dans og pubkveld, fortel han.

Profilert besøk

Arrangørane vil også i år invitere alle 10.klassingar i heile fylket til ein spesiell skuledag fredag 2. september. Etter gode erfaringar frå førre år har dei igjen engasjert Gaute Grøtta Grav som mentor for elevane. I tillegg lovar dei besøk av eit par profilerte Molde-spelarar.

- Tanken er at dei mellom anna skal kunne ta ein prat med elevane saman med Gaute, dei har sikkert mykje å snakke med dei om, seier Eikemo.

Dyregod-dagane 2011 vert i år heldt 2.-4. september, og arrangørane oppmodar alle som kan til å ta turen.