På laurdag vart det den sjuande i rekka og gradestokken vibrerte på 27 grader utanfor den vesle, men sentrale kyrkja på øya. Slik varme har ingen registrert på Sandøya tidlegare.

To konsertar

På Sandøya bur det til dagleg i underkant av 40 personar, men «Den Blå Timen» går det gjetord om i vide kretsar slik at både kyrkja og ferja «Kvaløy» blir for lita.

I år vart det derfor bestemt at arrangementet skulle avviklast med to konsertar. Med smidigheit frå ferja fungerte det godt. I alt vart det seld 280 billettar til dei to konsertane.

Allsong

I år var det Olav Stedje som var hovudartisten, men i forkant fekk publikum presentert dei lokale artistane i gruppa «Blue Tunes» med vokal og gitar Ørjan Sandøy, Lasse Larsson Fjørtoft og Ole Johan Otterlei med sine gitarar.

På ein vakker måte tolka dei Mark Knopfler og Bruce Springsteen sine songar «Get Lucky» og «My Hometown» før dei avslutta med «Purple Rain».

Og sjølvsagt; heilt i starten, som alltid, var det allsong med forsongar Signe Torill Eikrem i songen «Vem kan segla förutan vind, vem kan ro utan åror, vem kan skiljas från vännen sin utan att fälla tårar?» Det er nettopp nerven i desse strofene «Blåtimen» er tufta på.

På kyrkjebakken etter konserten kjem dette godt fram. Folk stoppar opp og utvekslar nytt og gammalt og i grupper bortover kyrkjegarden stanser slektningar ved gravstøtter og snakkar om tida som er og har vore. «Den Blå Timen» er meir enn ein konsert.

Utan skuggesider

Det var under introduseringa av songen «Drøyme seg til Spania» Sogndal-patrioten Olav Stedje fekk ei lita utfordring når han skulle forklare draumen i songen. I Sogndal er det trongt med høge og bratte fjell og kaldt om vinteren. Han sjølv vaks opp på skuggesida i bygda. Då er det gjerne ein nordmann sin draum om varme og kvite strender i Spania.

Olav Stedje såg opp og rundt seg og innrømte at songen passa liksom ikkje heilt her ute på Sandøya denne dagen med nettopp kvite strender, tropevarme ute og ei flat øy utan skuggesider.

Allsong med «dampen»

Olav Stedje opna sin del av konserten med «På flukt» av Jonas Fjeld og Ingvar Moe. Dette var songen som Det norske Flyktningeråd nytta i ein innsamlingsaksjon i 1987. Då var det 5–6 millionar flyktningar. No er det ca. 60 millionar flyktningar så ein kan undrast om verda går framover. Med liknande innhald batt Stedje låtane sine saman med innhald og på ein ledig og god måte.

I songen til Ivar Medaas «Dar kjem dampen» var det ikkje vanskeleg å få med publikum på refrenget.

«Vi vandrar saman» og «Den fyrste song eg høyra fekk» passa godt inn i repertoaret mot slutten. Publikum nynna med og det var tydeleg at alle koste seg saman med Olav Stedje.

Tidlegare år har det gjerne vore innslag av samspel mellom hovudartist og dei lokale musikkreftene. Slike innslag hever opplevinga. Dette fekk vi ikkje i år. Kanskje blir dette gjeninnført ved neste «Blåtime» om eit år?