Tresfjord kyrkje skal feirast

Ho må ha litt hjelp for ikkje å sige, men elles står det bra til med Tresfjord kyrkje. Den 15. juni blir 175-årsjubileet for den vakre kyrkja feira, programarbeidet pågår for fullt.

  Foto: Alle foto: Olav Skjegstad.

Kultur

VESTNES: Det blir lagt opp til ei omfattande markering, kanskje kjem også Kongeparet. Dei skal til Vestnes den 11. juni på offisielt besøk, Tresfjord kyrkje kan bli ein av stoppestadene på turen. Under jubileumsgudstenesta den 15. juni vil biskop Odd Bondevik og sokneprest Finn Arne Roaldsnes dele liturgien. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe i Kristen-garden og kyrkjevandring leia av Bjørn Austigard. Det blir også fotoutstilling og tablå på kyrkjebakken med bondebryllup. Ei lang rekke gjestar blir innbedne til markeringa.

Song og musikk

Både laurdag og søndag blir det konsertar i kyrkja. Musikaren og komponisten Terje Rypdal vil presentere ein komposisjon tileigna Tresfjord kyrkje. Denne blir urframført under jubileumskonserten. Til å framøre verket får Rypdal med seg Ola Kvernberg på fele og Sissel Schiøtt på orgel. Ola Kvernberg skal også framføre musikk frå eige repertoar. Tresfjord er kjent for sitt solide song- og musikkmiljø, mange frå dette miljøet deltar på konsertane. Søstrene Håker, Marta Balstad, Spelmanslaget Dåm og Drag, Tresfjordkvintetten, Tressalaget og Tresfjord Janitsjar er blant dei som skal medverke.

Entusiasme

— Eg trur dette skal bli ei verdig og fin jubileumsmarkering. Det er stor entusiasme blant folk i Tresfjord, dei er verkeleg stolte av kyrkja si, seier sokneprest Finn Arne Roaldsnes til Romsdals Budstikke. Han er medlem av jubileumskomiteen, som har regelmessige planleggingsmøte i kyrkja. — Tresfjord kyrkje er eit hus ein stig inn i med vørdnad. Sommaren er god, men det kan vere kaldt her om vinteren. Det blir flott når kyrkja er pynta til fest, seier Roaldnes. Kristine Eidhamar er også medlem av jubileumskomiteen. Ho kjenner Tresfjord kyrkje svært godt, og laga eit hefte om Tresfjord kyrkje til 150-årsjubileet i 1978.

Lang historie

Det har vore fleire kyrkjer i Tresfjord tidlegare. I 1690 vart et bygd ei ny krosskyrkje i bygda, ho låg litt vest for der Tresfjord kyrkje står no. Grunnsteinen til kyrkja som står i dag vart lagt den 16. mai 1825. Erik Kroken var byggmeister, og bygningsmenn frå Tresfjord deltok i arbeidet. Kyrkja var innvigd den 17. juni 1828. Tresfjord-kyrkja er rikt dekortert. Den mest spesielle og eldste gjenstanden inne i kyrkja er eit antemensale som heng over preikestolen. Dette er frå Middelalderen, tidsbestemt til første del av 1300-talet. Motivet er handlingar rundt Jesu fødsel.