Stiller ut på mora sin heimstad

Då førespurnaden kom om å halde ei utstilling i samarbeid med Aukra kunstlag, sa ikkje Jan Harald Aarseth nei.
Kultur

– Eg hadde hatt ei pause, men vart veldig inspirert av førespurnaden, fortel han.

Kasse på kasse med godt innpakka akvarellskattar blir lempa inn i Aukra folkebibliotek sine lokale av ein smørblid kunstnar. Handtrykk vert utveksla, og utstillinga med duse, stemningsfulle akvarellar kjem sakte, men sikkert på veggen, eitt etter eitt.

Likar akvarellprosessen

Tuslande i bakgrunnen går damene i Aukra kunstlag – spent på kva kunstnaren, Jan Harald Aarseth, med mor frå Gossen, oppvekst i Ålesund og bustad i Bergen, kan bidra med.

– Eg har ikkje spesifikke stader eg har tatt motiva frå. Eg likar å måle hus med stemningar, og har også mange motiv frå Finse. Eg har måla litt med akryl, men trivst best med akvarell og den prosessen. Både planlegginga og gjennomføringa, å finne former og fokusere på dei. – ingenting er forutsigbart med akvarellar, det er det som gjer det så spennande, fortel Aarsether med stor overtyding.

Barndomsparadiset

– Dette er første gongen han stiller ut på Gossen, mora si heimstad, der han ofte trakka grunnen i barndommen. Det var tante Åse Breivik som tipsa kunstlaget, som igjen tok kontakt med kunstnaren.

– Eg takka sjølvsagt ja. For meg var dette ei kjempemuligheit, og eg blei veldig glad. Eg hadde hatt ei lita pause, men då eg fekk førespurnaden, vart eg veldig inspirert. Det var godt å komme i gang att, seier Jan Harald Aarseth.

Åpning laurdag

Utstillinga startar i dag, med offisiell åpning, kulturinnslag og litt å bite i, og kan besøkast i biblioteket si opningstid, samt på laurdagar og søndag dei to neste vekene.