Bjørnson i Roma

Forfatter Helge Dahl høster god kritikk fra vår anmelder for boka "Bjørnson i Roma. Europeer på klassisk grunn".

5

Kultur

Anmeldt av: Arne Ruset Av: Helge Dahl. Tittel: "Bjørnson i Roma. Europeer på klassisk grunn" 387 sider. Messel forlag. Bjørnstjerne Bjørnson budde i tidsrommet november 1860 til mai 1908 til saman om lag sju og eit halvt år i Italia, fordelt på seks opphald. Mesteparten av denne tida stasjonerte han i Roma, og med unnatak av starten var ektefelle og barn med han. Helge Dahl, fleire gonger gjest på vår eigen Bjørnsonfestival, har i denne boka kasta lys over fleire spørsmål og teoriar som knyter seg til Bjørnsons frivillige eksil. Kva fekk opphaldet i Italia å seie for diktinga hans, ei dikting som kvalifiserte han til Nobelprisen i litteratur i 1903? Kva konsekvensar fekk det for hans brennande samfunnsengasjement og for hans tilhøve til medkunstnarar og meiningsbrytarar? Hadde det å søke ut til eit større miljø innverknad på hans personlegdom, som ein utan å ta for hardt i kan seie var av det narsissistiske slaget? Og kva familiære konsekvensar fekk opphalda i Italia, tilhøvet til Karoline og barna, som var med på reisene? Dahl viser gjennom boka at her er det samanhengar i alle retningar. Innleiingsvis blir det understreka at Bjørnson var sterk i si tru på at inntrykk utanfrå var viktig, at han var open for all kulturimport. Men samstundes som diktaren gjennom desse epokane i verdsbyen fann ein vidare horisont for kunstnargjerninga si og meir ammunisjon til sitt politiske engasjement, fekk han også hardt tiltrengd arbeidsro ved å flykte frå "kvefsebolet " i det tronge miljøet heime. Dahl etterlet i boka si inntrykk av at tida i Italia generelt og Roma spesielt på mange måtar var ein av grunnpilarane i fenomenet Bjørnstjerne Bjørnson. Grovt kan ein tenkje seg to ulike grupper med ulike måtar å nærme seg diktarhovdingen Bjørnson på. Den eine er bjørnsonologane, dei som har Bjørnson som særinteresse og som kjenner diktaren og hans historie ut og inn. Den andre gruppa er det gjengs litteraturinteresserte publikum som korkje har forska på Bjørnson eller gått den vidgjetne kunstnaren inn på livet. Helge Dahl maktar å skrive innsiktsfullt og grundig, men på ein slik måte at teksten blir tilgjengeleg også for sistnemnde gruppe. Utan at denne meldaren har kvalifikasjonar i så måte, vil ein dessutan tru at dette må vere ei særdeles nyttig og anvendeleg bok også for bjørnsonkjennarar. Dahl sin teknikk er langt på veg i anekdoten sin sjanger. Han gir lesaren eit mylder av beskrivande episodar og historier som alle på sitt vis kastar lys over dei tema som vart nemnd innleiingsvis. Dette framfører han i eit rytmisk og lettleseleg språk og innimellom med store porsjonar humor. Han utleverer ikkje Bjørnson, men ein får heller ikkje inntrykk av at han forfinar eller held opplysningar attende. Dette gjer boka til ein liten lesefest, og dei mange sidene i boka blir unnagjort før ein knapt får sukk for seg. Bjørnson fann mykje inspirasjon til diktinga si i Italia, og særleg framhevar Dahl at lyset og den storslegne klassiske kunsten opna nye uttrykksmessige dører for han. Av kjende verk nemner han En Falitt, Over Ævne og Kong Sverre. Vedrørande det siste gjorde forfattaren naudsame endringar i Roma: " Da jeg ser det under den romerske Himmel". Men også lyrisk fann han utløysing her. "Over de høye fjelle" frå Arne, skreiv han til dømes i Ariccia. Og "Brede seil over Nordsjø går" skal ha blitt til då Bjørnson med familie var på veg frå Ariccia til Roma i hestevogn. Han let seg inspirere til dette diktet av det bølgjande italienske landskapet med store kornstakkar i horisonten. Personlegdomen hans blir inngåande skildra gjennom det sosiale livet han førde der, først og fremst i Den skandinaviske Forening i Roma. Ei foreining han fleire gonger melde seg inn og ut av i takt med sitt lune. Han var ingen enkel mann, heller ikkje i utlegd. Det blir hevda at han hadde ein hang til å plassere seg sjølv i rampelyset og kasta seg opp til å bli ein betydeleg storleik i det gode selskap. Han hadde stort profileringsbehov, var lett irritabel, men også ein forsoningas mann. Og omgangskrinsen hans i Italia var betydeleg nok. Frå storleikar i italiensk samanheng til nordiske medkunstnarar som H C Andersen, August Strindberg, Edvard Grieg, Jonas Lie, Eilif Petersen, Ole Bull, og Amalie Skram for å nemne berre nokre få. Fleire av desse rauk han ofte i tottane på, sitatdøme: "Se nu hvordan fanden rider Arne Garborg." Men Karoline var der heile tida som meklar og sensor. "Ifølge mannen kunne Karoline være en hel kontrollkommisjon alene." I sitt Italia-eksil var han både raus og ivaretakande overfor kollegaer som søkte han. Men når kunsten stod på spel, kunne han vere ein aldri så liten despot, som trassa viljen sin gjennom utan omsyn til andre sine innvendingar. Han vart italiensk forfengeleg i klesvegen og sjølvtilliten var på plass. Ei illustrerande historie var då han møtte kong Håkon i teaterlosjen og retta på noko som kongen sa. "Da han så at dette ydmyket kongen, ønsket han å lette på trykket og kjærtegnet dermed, på en vennskapelig måte, kongens bart." Bjørnson brann av engasjement. Lenge før han drog sørover var han ein stor beundrar av fridomshelten Garibaldi, som han etter kvart fekk møte personleg. Han lærte seg flytande italiensk, og slukte alt han fekk tak i av aviser i Roma. I tillegg fekk han tilsendt aviser heimanfrå, og følgde med i alt som skjedde. I artiklar, talar og foredrag samt direkte tale tok han parti for forfølgde personar som Alfred Dreyfus og Lina Murri, for små nasjonar som Slovakia og han blanda seg inn i kampen for norsk sjølvstende og rasa mot det han kalla Christiania-fanatismen. Dette skaffa han meir enn nok av uvener, og boka viser korleis Bjørnson på ulikt vis, og med god støtte frå Karoline, takla dette. Det kan synest som om at inne i denne buldrande personen, fans det vare strenger som lett let seg såre av kritikk. Forholdet hans til kvinner var også ei sak for seg i Roma-tida. Det var meir enn nok av dei som ville ynde seg inn hjå den store kunstnaren og kanskje sole seg litt i glansen. Dei to gongene Bjørnson forelska seg utanfor ekteskapet, skjedde innleiingane på dette derimot andre stader enn i Italia. Og affærane med Rosalinde Thomsen og Erika Nissen tok begge snart slutt, atter ein gong under ein viss regi av den stødige om enn stadig meir tunghøyrte Karoline. Han var dessutan kritisk overfor kvinnelege liebhaberar. Dei ugifte søstrene Lunde som søkte bekjentskapet hans i Roma og som neppe hadde sin styrke i utsjånaden, fekk av han karakteristikken "Nogenlunde" og "Ingenlunde." Det kjem elles fram i boka at diktaren sitt tilhøve til kristendomen mykje vart forma av hans lange opphald i Italia. Gjennom stadige besøk i kyrkjer og katedralar vart han overvelda av både tvil og tru. Den paveleg autoritære versjonen minte han om den mørke og ortodokse norske kristendomen, men han husa nok også ein kontinuerleg religiøs lengt. Her refererer Dahl til vår store norske bjørnsonforskar Per Amdam. Helge Dahl har skrive ei fortreffeleg bok om eit fascinerande emne. Det einaste underteikna har å innvende, er at når han skildrar dei siste av dei 6 opphalda i Roma blir det noko smør på flesk. Ein føler liksom at fleire av historiene liknar på kvarandre slik at det blir mange variasjonar over same tema. Men dette er sikkert ei innvending som ihuga bjørnsonforskarar ikkje vil dele. Elles er boka rikt illustrert med utfyllande fotografi, og har rikhaldig sitatregister og litteraturliste. Boka er eit heitt gåvetips til alle leseglade.