Han køyrer bil med rallystriper på panseret og er aktiv på sosiale meda. No gir Ola (91) ut ny bok

Han skriv om kvardagstankar på rim, nokre gonger med glimt i auget, andre gongar med vemod. I desse dagar kjem Ola Husøy med si andre diktbok «Nye kvardagstankar» og no er 91-åringen på bokturné.

På bokturné: 91-åringen Ola Husøy reiser i desse dagar rundt på bokturné på Gossen, mellom anna på Dialogkafeen til Vaksenopplæringa, der han ofte er innom og kjøper seg middag. Smarttelefon og Vipps er med.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

Han køyrer bil med rallystriper på panseret, er aktiv på sosiale media og følger verdas hendingar på dataen. Inntrykka samlar onaværingen og gossingen Ola Husøy (91) i diktform, gjengitt med glimt i auget, med humoristiske skråblikk og til ettertanke.