Kjøpte kennel – bygde om til nytt gratistilbud: – Mange har stoppa og takka meg

Han har alltid hatt ein draum om å gi lokal ungdom muligheit til å gje ut eigenkomponert musikk. Då Gjøran Sæther og familien kjøpte ein nedlagt kennel på Gossen, kunne draumen bli verkelegheit.

Ombygd hundegård: Gjøran Sæther og familien kjøpte huset på Eikrem kom det med mange ekstra bygningar, mellom anna ein komplett hundegård som tidlegare vart driven som kennel. Her har Gjøran Sæther bygd opp lydstudioet sitt og derav studionamnet Buret.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

Ein høyrer ikkje lenger ivrige hundebjeff i dei tidlegare lokala til Aukra Kennel på Eikrem på Gossen. Derimot siv det tidvis ut heftige rocke-riff når lokal ungdom kjem til Gjøran Sæther sitt lydstudio for å spele inn eigenkomponert musikk. Først ut var bandet Haalbuaer – eit resultat som enda i eit heilt album.