Raumarock-sjefen om årets festival:

– Det var mange som trong dette no

Raumarock 2021 var ein klår suksess – med inntil to tusen publikumarar kvar dag vart det ein av dei største festivalane i landet i år. Dette nesten utan koronasmitte.

Festivalstemning: Med kohortordning, grønt koronapass på alle og munnbind når ein er oppe og går, leverte Raumarock for fullt, til trass for korona.  Foto: Martin Herje

Kultur

Festivalen var delt inn i fire kohortar, og hadde krav om grønt koronapass. Med desse tiltaka kunne dei ha inntil fem hundre i kvar kohort, og totalt to tusen på festivalen dagleg.