Raumarock skal koronateste opptil 1.500 kvar dag – slik løyser dei det

For å sikre testing av festivaldeltakarar, skal festivalen setje opp ein eigen hurtigteststasjon i Raumahallen.

Raumahallen: Her skal det gjennomførast inntil 4500 koronatestar i løpet av Raumarock.  Foto: Aurora Nyakas Vigstad

Kultur

Etter eitt års koronapause kjem Raumarock sterkt tilbake med festival. I år har rocken lagt opp til om lag to tusen publikummarar, fordelt på fire kohortar. Dette gjer festivalen til ein av dei største i Noreg i år.