– Mange har ringt for å høyre når vi åpnar igjen

Pensjonistparet Odd Kristian og Milda Varhaugvik går på nok ei utstilling med fargerik kunst i den raude løa til Galleri Milda i Varhaugvika på Gossen. – Vi gler oss til å møte folk igjen, seier dei to kunst-entusiastane.

Klar for innrykk Milda og Odd Kristian Varhaugvik er klar for si 27. utstilling på Galleri Milda på Gossen. Låven er fylt opp med vakker kunst og no håper dei to kunst-elskarane at mange finn vegen til det fargerike galleriet deira i Varhaugvika.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

Fjorårets utstilling bar tydeleg preg av koronarestriksjonar, med mindre besøk og lavare omsetning enn tidlegare. No gler Odd Kristian og Milda Varhaugvik seg til å åpne dørene til den raude løa i Varhaugvika, som er stappa full av fargerik kunst frå øverst til nederst.