Drivande krigskrim

Førstebetjent Gabriel Navarseth held koken, skriv Øyvind Rangøy om fjerde bok ut i krigskrim-serien til Roar Ræstad.

I desse dagar kjem Roar Ræstad med den siste, frittståande boka i krigskrim-kvartetten, «Slagmark».   Foto: Vigmostad & Bjørke

Kultur

Roar Ræstad frå Otrøya har sidan debuten med Sovende hunder i 2015 levert ein heilstøypt serie historiske kriminalromanar frå byen han har gjort til sin eigen. Med fjerde og etter seiande siste bok har bøkene følgt førstebetjent Gabriel Navarseth i Trondheim frå 1942 til krigens slutt.