Mystisk krimhistorie med gripande mennneskemøte 

Att står ei gripande kjensle av å ha møtt ein søskenflokk «i eit skuggeland der sola sjeldan fekk skine lenge om gongen», skriv vår anmeldar Øyvind Rangøy etter å ha lese Arne Ruset sin nye roman.

Ute med ny roman: Arne Ruset kjem frå Fjørå på Sunnmøre. Han bur i Molde, der han har arbeidd i mange år som psykiater. No er han aktuell med romanen Ikkje ein sporv til jorda.  Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Kultur

«Send aldri bod etter kven klokka ringer for; ho ringer for deg,» heiter det i John Donnes klassiske tekst om å høyre menneska til. Men då klokka i kapellet i ei vestlandsbygd i 1957 tek til å ringje vilt, oppstår mange andre spørsmål. Kyrkjetenaren finn dørene opne og ei rennelykkje i enden av klokkereipet.