Reidar Misund med båtgåve til Vestnes

Reidar Misund gir samlinga si av gamle trebåtar til Båtbyggarmuseet - søndag vart 12 båtar henta i Kristiansund og kjørt til Vestnes.
Kultur

- No føler eg at samlinga mi har fått ei hamn, eg kjenner både lettelse og litt vemod. Eg veit at båtane blir tatt godt vare på i Vestnes. Eg har samla gamle båtar og gjenstandar i 40 år. Dette er den største kystkultursamlinga i Romsdal. Eg blir 70 i år og fann at tida var inne til at andre tar over, seier Reidar Misund til Romsdals Budstikke.