Spelet «Tempo Lett» klart til nytt kulturhus åpnar

Svein Erik Nautnes på Gossen gler seg til koronaen er over. I mellomtida planlegg han underhaldning for aukraværingane så dei har å glede seg til når det heile er over.

ENGASJERT PRIMUS MOTOR: Engasjementet er stort når Svein Erik Nautnes fortel om planane sine. Kulturhelg, Storlygarkveld, konsert med både Bud Mannskor og Elvis – men først og fremst: Ny oppsetjing av det lokale spelet «Tempo Lett».  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

AUKRA: Han veivar med armane og pratar på inn- og utpust. Det glitrar i augene - engasjementet er det ikkje noko å seie på hos ildsjela Svein Erik Nautnes når vi møter han på Frivilligsentralen på Falkhytta. Med seg har han støttespelarar frå Aukra kommune og Gossen Bygdekvinnelag – no skal det igjen bli spel på Gossen: