Ferdig i mars 2022. Vil koste 288 millionar

Slik blir kulturhuset på Gossen

Nærare 5000 kvadratmeter skal by på storsal med skyvbart amfi, basseng med hevebotn og forskjellige temperatursoner, kulturskole, bibliotek og serveringsmuligheiter.
Kultur

– No driv entreprenøren med montering av betongelement i underetasjen. Bygget skal vere tett i februar neste år og ferdig til bruk i mars 2022, fortel Aukra kommune sin prosjektleiar Jon Gunnar Gjelberg.