Åse Birkenheier frå Skorgen har omsett Knut Ødegårds «Tida er inne» til tysk

Opnar Tyskland for Knut Ødegård

– Bøkene til Knut Ødegård er omsett til 40 språk, kvifor ikkje til tysk? spurte Åse Birkenheier. No har ho omsett den siste lyrikk-samlinga til Knut Ødegård, responsen i Tyskland er veldig positiv.

GODT MOTTATT: Åse Birkenheier med den tyske utgåva av «Tida er inne», på tysk «Die Zeit ist gekommen».  Foto: Olav Skjegstad

Kultur

TRESFJORD: Vi møter Åse Birkenheier (75) i feriehuset i Skorgen som ho arva etter ein onkel. Hit tar ho turen kvar sommar saman med ektemannen Werner. Dei bur i Koblenz i Tyskland, der Åse var lektor heile sitt yrkesaktive liv fram til ho fylte 60. Sidan då har ho arbeidd som omsettar av norsk litteratur til tysk.