Festival for klassisk musikk torsdag-søndag:

– Det skal meir til enn ein pandemi for å stoppe Fjord Cadenza

Mot alle odds vert «verdas vakraste musikkfestival» arrangert også i år. Med smitteverntiltak, pågangsmot og emosjonell medisin i ei vanskeleg tid.

KLAR FOR FJORD CADENZA 2020: Fra venstre: Charlotte Fongen (song), Rune Bergmann (trompet/musikalsk leiar), Bjørnar Myhr (piano), Magne Fremmerlid (song) og Hallgeir Øvrebust, styreleiar for Fjord Cadenza (bak). Her fra øving i sommarhuset til Fremmerlid i Skodje.   Foto: STAALE WATTØ / SUNNMØRSPOSTEN

Kultur

(SMP) Sidan tidleg på 90-talet har Fjord Cadenza bygd stein på stein. Med utgangspunkt i Skodje har festivalen for klassisk musikk vakse seg stor.