Dei er snart 80 år – men driv fortsatt dette unike galleriet

Hagen er klippa og stelt, dei heimebakte kringlene klare. Veggane inne i den raudmåla løa i Varhaugvika er dekt av kunst frå heile landet. Lørdag opnar ny utstilling i Galleri Milda på Gossen.

Idyllisk: Milda og Odd Kristian Varhaugvik nærmar seg 80, men kosar seg fortsatt med å lage kunstutstilling og invitere til kaker og kaffe i den vakre hagen i Varhaugvika på Gossen. Gardshunden Miko følger besøkande på plass.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

Fargerike akrylmåleri og tresnitt av Lillehammer-kunstnaren Ragnhild Slåen, som aldri har stilt ut i Møre og Romsdal før, og som synes lokala og omgjevnadene til galleri Milda er spennande, står i fokus i øvste etasje.