[SPRÅKSPALTEN]

Hustadvika

PLOGEN OG FISKEN: Vi skal visst kunne sjå kommunevåpenet som plogen og fisken. Men korleis er det råd å sjå det som kommunen midt på grensa mellom to ulike dialektområde? Eller er det heller kommunen med to dialektar som grip inni einannan?  Foto: Privat

Kultur

Hustadvika – Eide og Fræna, Nordmøre og Romsdal. At nordmøringar og romsdalingar slår seg saman og blir til Hustadvika kommune om nokre dagar, har eg vore inne på før i denne språkspalta. Då trekte eg fram pronomenet dem/dei, som er eit dialektmerke som skil Fræna frå Eide.