– Nynorsk er eit betre val når vi bur i ei nynorsk-kommune

Språkstriden ved Julsundet skole held fram. No tar ei gruppe foreldre som vil ha nynorsk som hovudmål til motmæle.

Vil halde fram med nynorsk: F.v.Torbjørn Gjendem, Reidun Tystad, Rita Hagås, Marta Kristin Eidskrem, Stig Roar Digernes og Sarah Haensel.  Foto: Bjørn Brunvoll

Kultur

Ei gruppe foreldre til elevar ved Julsundet skole vil ha bokmål som hovudmål ved skolen. Dei har gjennomført ei spørreundersøking, der resultatet blei 56 prosent for bokmål og 44 prosent for nynorsk. Saka skal opp i kommunestyret i Aukra den 19. desember, og innstillinga til rådmannen er at ein bør halde fram med nynorsk.