Slik har Aukra kulturskole fått ungdommen tilbake

Asta Rød (13) og Ruben Skeide (13) er ikkje i tvil: - Kulturskole er kjempekult! Her møter vi venner og får vere med på spennande ting, fortel 8-klassingane, som er ein del av Aukra kulturskole si satsing på ungdom. Denne veka viste dei seg fram under Kulturskoleveka.

«I Feel Good»: Det sang denne gjengen, frå v. Emma Elisabeth Brunes, Gabriele Januskeviciute, Ruben Skeide, Vegard Try Sporsheim, Ida Eline Haukvik, Ida Hjelmås, Amalie Fanghol, rektor Malin Solberg og Aris Erza Male. Bak lærar Ole Kristian Malmedal på keyboard og (skjult) Oskar Eilertsen Løvik.  Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

Mandag vart årets Kulturskoleveke sparka i gang i Aukra, med konsertar, utstillingar og opplevingar under tema «50 år sidan månelandinga». Aukra kulturskole har hatt ei ærleg satsing på ungdom dei siste åra og tirsdag inviterte desse til ein heilt spesiell konsert i Storsalen på Riksfjord.