Vestnes sogelag med boklansering

Allsidig og rikt illustrert årsskrift

Innhaldet i årets årsskrift frå Vestnes sogelag spenner vidt; med historier både frå nærmiljøet og om vestnesingar som reiste ut.

Takk for innsatsen: Tove Eikrem, Martinus Løvik, Einar Baltzersen og Petter Inge Løvik i redaksjonskomiteen.  Foto: Olav Skjegstad

Kultur

VESTNES: Dette er den 24. årgangen av årsskriftet. Å kalle det eit skrift er vel litt smålåtent, dette er ei fint innbunden bok med kvalitet i alle ledd.