Laga bok inspirert av gamle julekort

Olla Rypdals nye julebok, Tippoldefar Jakobs julekort, er delt inn i 24 avsnitt – eit for kvar dag i adventstida.

Julestemning: Olla Rypdal er klar med ny julebok, Tippoldefar Jakobs julekort.   Foto: Olav Skjegstad

Kultur

– Her har det vore julestemning lenge. Eg har arbeidd med denne boka i to år, saman med Tarjei Rypdal Eide, som står for illustrasjonane. No er boka her, fortel Olla Rypdal til Romsdals Budstikke. Ho driv eige forlag, dette er bok nummer seks som ho har skrive.