Nynorskstafetten rullar og går i Romsdal:

– Ikkje køyr over nynorskbrukarane

Kva for målform skal nye Molde kommune bruke? – No er Molde nøytral. Men vi vil ha målvedtak om nynorsk i skriv frå staten og ein tospråkleg kommune, som tek omsyn til språkbrukarane i Nesset og Midsund, seier mållaget.

– Gi nynorsken meir plass: Noregs Mållag, her ved Øyvind Fenne og Magne Aasbrenn, saman med norsklærarane Ingvild Espelid Wold og Marianne Gjelstenli Anderson ved Molde vidaregåande skule. – Å auke andelen nynorsk i nye Molde, vil vere ein fin gest til dei to mindre kommunane Nesset og Midsund, meiner mållagsleiar Magne Aasbrenn.  Foto: Vera Henriksen

Kultur

Nyleg blei Ålesund kåra til årets nynorskkommune 2019, allereie før den nye kommunen har blitt ein realitet. I grunngjevinga frå Språkrådet heiter det mellom anna at dei har vore gjennom ein krevjande samanslåingsprosess og at «språkmedvitet har vore tydeleg heilt frå starten».