To gode naboar stiller ut

Dei fann felleskap i kunsten for eit par år sidan. I helga stiller naboane Åse Beate Trana Sporsem og Marit Sand Rønstad frå Hoksneset ut den fargerike kunsten sin i Kyrkjelydshuset på Gossen.
Kultur

Det bugnar av fargerike kunstverk i Kyrkjelydshuset på Aukrasanden i helga. Med eit bakteppe av deilig kaffelukt og nybakte kaker inviterer dei kreative naboane Åse Beate Trana Sporsem og Marit Sand Rønstad til kunstutstilling og ein god prat.