Brit Bildøen får Nynorsk litteraturpris

Forfattaren frå Aukra får prisen for romanen Tre vegar til havet.

Brit Bildøen.  Foto: Tove Breistein

Kultur

Det skriv forlaget til Bildøen, Samlaget, i ei pressmelding.

Prisen er på 30.000 kroner.

– Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman. Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk. Av alle desse grunnane er det ei stor glede å tildele Nynorsk litteraturpris for 2018 til Brit Bildøen!, står det i grunngjevinga til juryen. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Nynorsk litteraturpris blir delt ut årlig av Noregs Mållag, Det norske teatret og Det Norske Samlaget for den beste boka på nynorsk eller dialekt.

Lars Petter Sveen frå Fræna fekk prisen i 2014