Unni Wilhelmsen og Steinar Raknes med konsert på Midsund og heimebakte rundstykker på raideren:

– Sånt har vi ikke på Grünerløkka!

Kontrabassist Steinar Raknes fann sangstemma si i sitt eige bryllaup på Bygdheim. No turnerer han landet rundt med Unni Wilhelmsen – med heimplassen som eit sjølvsagt stopp.

Backstage i musikkrommet: Unni Wilhelmsen og Steinar Raknes hadde køyrt heilt frå forrige konsert på Stokkøya i Trøndelag laurdag kveld til Otrøya på søndag. Då er det godt at raideren var utvida med heimebakte rundstykker for den heimkomne bassisten med gjest.   Foto: Gunn E. Aarønes

Kultur

MIDSUND: Med 34 konsertar i løpet av fem månader, frå Honningsvåg i nord til Mandal i sør, er Steinar Raknes ute på ein heseblesande releaseturné med albumet «Chasing The Real Thing» – med Unni Wilhelmsen som gjest.