No blir Slåttekar i himmelen teater

Feiringa av Edvard Hoem sin 70 årsdag blei avslutta med ei gåve til eit stort publikum i teater- og litteratur-Noreg. Slåttekar i himmelen blir teater.

SAMARBEID: Slåttekaren i himmelen kjem til scenen i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Teatret Vårt, her er jubilanten omkransa av direktør Ryvarden og påtroppande teatersjef Strømskag. 

Kultur

Måndag kveld blei 70 årsdagen til Edvard Hoem feira med ei mottaking på Det Norske Teatret,  som kom til i samarbeid med Forlaget Oktober. Det kjem fram i ei pressemelsing måndag kveld.

Her vart det gjort kjend at Slåttekar i himmelen blir teater, med premiere 7. mars 2020 på Hovudscenen.

- Utan vidare kjekt, seier Hoem om at Slåttekaren finn vegen til scenen.

- Eg har tru på at Bentein Baardsen på regi kan lage godt teater av materialet. Utvandrartida set alt i eit stort perspektiv, avgjerda ein tok var ugjenkalleleg. Skal ein bli, eller skal ein dra?

Forlagssjef Ingeri Engelstad framheva Hoems evne til skildre arbeidets gleder og slit, og hans uforglemmelege portrett av menneskas gang over jorda.

Om oldefaren

- Med historien om oldefaren sin, Knut Nesje eller Slåttekaren, har Edvard Hoem treft ei nerve i det lesande publikummet. Han evner å fange det store i det små og har med historien som startar på eit småbruk ved Romsdalsfjorden rørt ved eit kapittel i norsk historie som mange familiar har opplevd. At teateret no skal få ta dette opp på scenen er ei stor gåve, seier teatersjef Erik Ulfsby om storsatsinga på Hovedscenen våren 2020.

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; Slåttekar i himmelen (2014), Bror min på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017) har hatt eit opplag på over 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

Samarbeid med Teatret Vårt

Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde. Kristian Lykkeslet Strømskag skal dramatisere romanen. Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyma. Urpremieren er 7. mars 2020 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Premieren på Teatret Vårt er 15. august 2020. Framsyninga skal på turne 9 stader i Møre og Romsdal. Teatret Vårt og Det Norske Teatret feirar Edvard Hoem med å få Slåttekar i himmelen dramatisert for scenen i 2020.

– Det er ei stor glede for Teatret Vårt at vi kan ynskje Edvard Hoem tilbake til teatret. Saman med Edvard sjølv og Det Norske Teatret kan vi no la heile fylket få besøk av Slåttekaren. I romanene skildrar Edvard menneske i møte med dei store vala i livet. Samstundes som han har ei større historisk overbygging, diktar han fram den lille verda i møte med den store. Teatret lengtar etter gode historier og sterke skjebner. Her får vi lov å lage teater av ei historie som utspelar seg rett utanfor teaterhuset vårt. Nærare blir det ikkje og sjølv om tida er ei anna, trur eg vi vil kjenne oss igjen i Knut og dei andre karakterane sine store og små val, seier Kristian Lykkeslet Strømskag.

Interesse for teater

Edvard Hoem har sidan 1969 gitt ut nær 40 romanar, skodespel, eigne diktsamlingar, gjendiktingar, dokumentarromanar, samlingar med salmar og balladar og biografiar, og han har òg arbeidd som omsetjar og gjendiktar. Ei sterk interesse for teater har ført til at han har vore mykje nytta som omsetjar og gjendiktar av moderne og klassisk dramatikk. Ikkje minst har han hausta ros for gjendiktingar av mange Shakespeare-stykke.

Alt i 1976 var han knytt til Det Norske Teatret, frå 1980 til 1983 som husdiktar og dramaturg. I perioden 1998–2000 var Hoem teatersjef ved Teatret Vårt i Molde.