Innspurt til Vømmølfest på Bergtun

Teatergruppa i Eidsvåg ungdomslag er i innspurten av øvingane. – Dei trur at allsangfaktoren blir stor.

Teatergruppa i Eidsvåg ungdomslag er i innspurten av øvingane på Vømmølspelet. Her er f.v. Dagfinn Meisingset, Frank Stenløs, Endre Hindhammer, Per Mareno Skjørsæther, Markus Edias Solheim, Knut Meisingset, Linda Sæter, Anne Lise Gjelsten, Gerd Iren Sæthermyr, Stig Åfløy og Arild Flåhammer. (I orkesteret er André Gussiås, Rune Skjørsæther, Mats Nerli og Kristin Stubø.)   Foto: Privat

Kultur

Det skriv Bjørn Ølander, formidlar på Romsdalsmuseet, i ei pressemelding.

Eidsvåg ungdomslag viser Vømmølspelet av Hans Rotmo på Bergtun i Eidsvåg i mars, med preimiere laurdag 23. mars og forestillingar også helga etter.

I dette spelet har Hans Rotmo sett saman eit musikkspel med utgangspunkt i mange av dei store slagerane han har laga.

– Stykket har to akter og mange fantastiske roller, skriv Ølandar.

Her møter du Arne Armoen og Haldis. Haldis vil gjerne flytte til byen, og garden Armoen skal selgast på auksjon.

Men Arne held igjen og vil starte med alpinsenter i dei bratte bakkane. Sagbruksmester Gyldentann har alliert seg med stråmann Gammal Jo og Hanna som skal vere med å by på garden. Men Hanna trur at ein stråmann er eit fugleskremsel, fortel Ølander.

Og:  

– Johannes Møkkerbakken er samen som har levert røten tiur til handelsmannen, men som til slutt får tilslaget på garden Armoen.

Her er også sagbruksarbeidera, slaktar, kyr, fagforeningsfolk, misjonær, skytebas og vegarbeidarar i skjønn og forvirrande forening.

– Songane bærer stykket

Det er Rotmo sine songar som er bærande i stykket, dei kjem på rekke og rad, fortel Ølander.

Han listar opp: kulokk, fjøsvisa, bånsull, det e itj’no som kjem tå seg sjøl, tango kapital, dæven han ta, auksjonsvisa, porcelenstrand og mange fleire.

– Kapellmester er som vanleg dei siste åra André Gussiås. Han har sett saman eit vømmølorkester med bass, mandolin, gitar, fløyte, lurk og fele!

Forestillinga går inn i rekka av musikkspel som ungdomslaget har hatt stor suksess med på Bergtun dei siste åra. Det er som vanlig mange på scena og aldersspreiinga er frå 14 til over 60 år, står det å lese i pressemeldinga.