Laga film om Gossen frå nye vinklar – i både sol og mykje ruskevêr

Kjell Stian Brunes på Gossen er hobbyfotograf med ei litt over middels interesse for hobbyen og heimstaden sin. Onsdag inviterte han til premiere på den nye filmen sin, som skal vise Gossen frå høgt og lågt på Facebook, Instagram og YouTube.
Kultur

Aukra: Tallause timar med kamera, enten i handa, på stativ eller festa på drone. Gossingen Kjell Stian Brunes er der det skjer, om det er heilt vanleg ruskevêr eller strålande sol. Det er ikkje mange centimetra av Gossen som ikkje er fanga på rull av den ivrige hobbyfotografen.