Soltun kino opnar snart i formidlingssalen på Riksfjord

Bygger opp att high-tech kino til gossingane på dugnad

Ingenting er overlate til tilfella når eldsjelene i Gossen Frilynde Ungdomslag lagar kinosal. Amfi frå Drammen, høgtalarar frå Klingenberg, digital avspeling i 4K på prosjektor frå Oslo, motorisert lerret og billig kiosk. Alt gjort på dugnad!
Kultur

AUKRA: – Vi tok med ytterdøra, døra til biblioteket, prosjektor og brannvarslingssystem, gardiner og mykje anna utstyr, så her har vi eit lite stykke Soltun, smiler ein fornøgd Benjamin Blomvågnes, eldsjel, kinomaskinist gjennom ei årrekke, dugnadssjef og knakande god med ord.