Julekonserten i Harøy kyrkje - ei musikkreise inn i julestemning

Førjulskonserten i Harøy kyrkje er den tradisjonelle song- og musikkreisa inn i julestemninga på Harøya. Den vil dei fleste song- og musikkglade ha med seg, og nok ein gong vart kyrkjerommet fylt opp med forventning fredagskvelden den 15. desember.
Kultur

Til denne konserten stilte Harøy Felleskor med 30 songarar, Sotto Voce har 10 medlemmar, Harøy Musikklag hadde med 18 musikantar og Harøy skulekorps opptrådde med 15 håpefulle. Alle hadde stasa seg opp med sine festdrakter. Ramma rundt konserten er kantor Robert Coates med sine orgelinnslag før, under og etter konserten. «Hallelujakoret fra Messias» av G.F. Händel er utruleg mektig når Robert slepper fri alle pipene i kyrkjeorgelet.