Adventskonsert i Harøy kyrkje

Ståande applaus etter konserten med Sotto Voce og gjester i Harøy kyrkje.
Kultur

Laurdag inviterte Sotto Voce til adventskonsert i Harøy kyrkje. Opningssongen «Vente, vente Herrens time» og resten av programmet vart godt mottatt av publikum i ei fullsatt kyrkje. Mektig, mektig var den unisone responsen tilbake etter avslutningsnummeret.