I JORDMOR-STINAS SPOR

  Foto: Oktober

Kultur

Bokanmeldelse av Jordmor på jorda

Forfatter: Edvard Hoem

Anmeldt av: Øystein Hauge

Terningkast: 5

«Livets reknestykke går aldri heilt opp» står det å lese ein stad i det som blir den sjuande boka i Edvard Hoems eventyr av ei slektskrønike. Vi har frå før lese og gråte oss gjennom dei fire amerikabøkene. Som vi har gjort det med «Mors og fars historie» og «Heimlandet. Barndom». Så går i det minste bokserien snart opp.

I «Jordmor på jorda» er tida inne for å bli kjend med forfattarens tippoldemor Marta Kristine Nesje, mor til Knut Hansen Nesje som vi kjenner frå «Slåttekar i himmelen». Og det heile starter attende i året 1800 då Marta Kristine fyller sju. Tjue år seinare skal husmannsjenta gå den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Og med eksamenspapira i sekken går ho same vegen heimatt.

Marta Kristine hugsa barneåra sine som «ein einaste stor arbeidssong der riveskafta dansa den heftige dansen sin». Men ho skulle snart få møte andre og hardare sider ved tilveret. Det var rett nok ein gledens dag då Hans Nesje henta henne i båten og «fossrodde medan han song så det høyrdest vidt utover». Men også samlivet med drøymaren Hans skulle by på vanskar.

Det er sjølsagt ikkje råd for nokon forfattar å skulle gå tohundre år attende i tid og så i detaljar og dialogar evne å fortelje den autentiske historia om tippoldemor si. Og når denne boka også må klare seg utan veven av skjebner samanvovne gjennom kyrkjebøker, brev og historier, slik vi kjenner det frå amerikabøkene, kva blir då att til lesaren?

Først og framst ei drivande godt fortalt historie med ein detaljrikdom og anekdoter som kan ta pusten frå ein. Som her då Marta Kristine for fyrste gong vert beden inn hos sjølvaste distriktskirurgen i Molde by, tyskfødde Johan Anton Adrian Wolf, og der den unge jenta frå enkle kår overvelda tar inn der i stova: «… utstoppa fuglar, ein hønsehauk og ein stor ramn. Jaktvåpen. Speglar, kartrullar og protokollar, medisinske illustrasjonsplansjar, tavler som viste menneskekroppen invortes, og ein bibel på framande språk, tyske måtte det vere, bibelen låg oppslått på stuebordet».

Eller når Jordmor-Stina påfallande rak i ryggen stig ut av hestevogna eller båten: «Det gjekk ord om at det var fordi ho hadde ei hemmeleg tong som legane ikkje tillét henne å ha, innsydd i stakken, og når det stod om liv og død, jaga ho alle andre ut og tok tonga fram».

I «Jordmor på jorda» har Edvard Hoem igjen skrive fram ei varm historie i eit gjennomgåande poetisk og vakkert språk. Bildesekvensar på bildesekvensvar der vi berre vil ha meir. Dessutan eit verk med ein sterk autensitet reint stilistisk, også når det kjem til tidskoloritt.

Så finst det tekstparti der vi nok kunne ynskt oss at forfattaren hadde gitt oss ørlite meir tid og rom, serleg dei stadene der nye personar vert skildra og skrivne inn. Men ei innvending vi meir enn gjerne legg til side om forfattaren no berre lover oss ei neste bok. Ei bok der han hopper fram til etter «Mors og fars historie» og skriv fram sitt eige liv.

Som lesarar er vi der no!