TRESFJORD: – Det startar laurdag kveld med plattingdans til musikk av Saga Loft Band. Dette bandet vart etablert i 1984, etter ein lang pause stiller dei no opp igjen med originalbesetninga, fortel Steinar Kjersem, styreleiar for museet i Tresfjord. Han håpar på godt vêr og mykje folk.

Tradisjonell feiring

Søndag er det meir tradisjonell olsokfeiring. Då opnar museet klokka 16, dørene til alle husa er opne. To timar seinare blir det opna for servering av rømmegraut slik tradisjonen er. Det blir også olsokgudsteneste i Tresfjord kyrkje. På museet skal Jarle Sanden halde tale, Dåm og Drag stiller med musikalske innslag.

Ei bygd med tradisjonar

Agnar Skeidsvoll var drivkrafta bak etableringa av Tresfjord museum i 1943. Seks år seinare var det klart for opning. Museet kjøpte tomt av Lars Jøsvoll, og det vart bygd opp eit gardstun med mange typar hus frå 1800- talet og tidlegare. Folk støtta opp om museet, både med gåver og dugnadsinnsats.

Satsing

Dei seinare åra har museet fått ein ny giv. Nye hus er komme til; ein landhandel og eit skreddarverkstad frå Skorgen. På Steinhaugen er det sett opp ein paviljong med panoramautsikt. Den siste tilveksten er kafé Lauparen frå tidleg 1950-tal, den er blitt ein veldig populær møteplass.

– Tilbakemeldingane frå folk som besøker museet er veldig positive. I fjor kom det 1000 fleire besøkande enn året før, fortel styremedlem Olav Venås. til Romsdals Budstikke

Premiesamling

Det neste målet for museet er å få bygd eit magasin for å ta betre vare på gjenstandane. Blant det museet har fått inn dei siste åra, finn vi den imponerande komplette premiesamlinga til Jakob Kjersem.

Tresfjord museum driv på sjølvstendig basis, og får derfor ikkje stilskot frå stat eller fylke. 20.000 kroner frå Vestnes kommune er det dei får av offentlege tilskot. Resten må dei skaffe sjøl, budsjettet er på mellom 100.000 og 200.000 kroner.

Opnar alle hus: Under olsokfeiringa blir alle husa opna for publikum.