Når Julsundet skole og fleirbrukshus åpnar til hausten, kan også Aukra kulturskole flytte inn i flunkande nye lokaler.

Får tilpassa rom

Etter å ha hatt tilhald i ordinære klasserom på skolen, får kulturskolen frå hausten av spesialinnreidde rom for dans, musikk- og teaterundervisning.

– Då får vi samla alle i tilpassa rom som vi skal dele med skolen. I tillegg blir det ein ny konsertsal, med scene og amfi, ferdig rigga og fullt utstyrt, fortel kulturskolerektor Malin Solberg, som gler seg stort til å kunne tilby barn og unge på fastlands-Aukra fleire kulturaktivitetar.

Enno er det lite som tyder på full rigg i dei nye lokala i Julsundet, men det går fort framover, og kulturskolen har no klart eit tilbod i hip-hop og teater, i tillegg til dei ordinære tilbuda i piano, band, strykarar, blåseinstrument og dans. For dei minste har ein også tilbod om DraMuDra.

– Vi kan i utgangspunktet gje det same tilbudet i Julsundet som på Gossen, berre vi får nok søkarar. Kunst er det einaste tilbodet vi ikkje kan gje, sidan vi ikkje har tilpassa lokalitetar til akkurat dette faget, fortel Solberg.

Får ein base

I likheit med øydelen av Aukra, har kulturskolen tilbud i skoletida i form av teater og Spæll. I tillegg blir det no lettare å starte undervisning rett etter skoletid, og elevane slepp å bruke dei same lokala som dei held til i resten av dagen.

– Det har mykje å seie at vi får faste rom. Då får vi ein base der lærarane kan samle seg og jobbe i eit fellesskap, fortel teaterlærar Karin Skjetne.

– Vi veit at elevane på Julsundet har etterlyst eit teatertilbod og no håper vi mange vil melde seg på det nye tilbodet.

Etter år med opp- og nedrigg i gymsalen, vonde stolar og dårleg utsikt skal altså julsundinga få kulturen servert i standsmessige lokaler og Malin Solberg håper satsinga skal få positive konsekvensar:

– Vi ønsker at julsundingane skal få meir eigarskap til kulturskolen i kommuna. Vi ønsker å bygge tilhøyring, skape engasjement, breiddekultur og mangfald i lokalmiljøet, seier ho.

Gler seg: Lovise Gusdal (12) trur det blir kjekt med nye lokaler. Foto: Gunn E. Aarønes