Ødegård heidra av islandsk president

Fekk den høgaste utmerkelsen du kan på på Island – om du ikkje er statsoverhode.

Knut Ødegård fekk tysdag den høgaste utmerkelsen du kan få på Island om du ikkje er statsoverhode.  Foto: Kjell Langmyren

Kultur

Forfattar og Liabonde Knut Ødegård vart tirsdag heidra av den islandske presidenten, Gudni Th. Johannesson. Presidenten er på statsbesøk i Norge, og under gallamiddagen på Slottet snakka presidenten om Ødegårds gjendikting av islandsk litteratur.

Ødegård vart utnevnt til Kommandør med stjerne av Den islandske falkeorden. Utmerkelsen tilsvarer den norske St. Olavs Orden, og det er svært få som får den nest høgaste graden som Ødegård no fekk. Den aller høgaste utmerkelsen, Storkors, blr berre gitt andre lands statsoverhoder. 

Falkeordenen er den einaste orden på Island, og Ødegård fekk ein lågare grad av ordenen allereie i 1987 då han vart riddar av Den islandske falkeorden. Seks år seinare fekk han den nest høgaste graden, og denne veka fekk han den høgaste ein kan få om ein ikkje er statsoverhode.

– Eg fekk utmerkelsen som diktar og for arbeidet mitt med dei fire banda med edda-dikt gjendikta islandsk litteratur, seier Knut Ødegård til Romsdals Budstikke.

– Det er stor stas, og det er litt spesielt å bli nemnd som den einaste nolevande nordmannen i presidentens tale under gallamiddagen. Han var spesielt opptatt av arbeidet mitt med edda-dikt, seier Ødegård.

Diktaren har og ei rekke andre prisar og utmerkelser.

Prinsesse Astrid fru Ferner, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, fr Eliza Reid, kong Harald, dronning Sonja og president Guðni Th. Jóhannesson ankommer gallamiddagen på Slottet tirsdag i anledning besøket til Islands President med frue tirsdag kveld. Foto: Jon Eeg / NTB scanpix