Måndag kveld var det siste forestilling. Publikum fekk bli med på ei reise til det jødiske miljøet i det gamle Ukraina for 110 år sidan, der gleder og ikkje minst sorger var rikeleg fordelt for den fattige jødiske kolonien.

(Se bildegalleri øverst i artikkelen)

Musikalen handlar om mjølkemannen Tevje, familien hans og strevet med å gifte vekk dei fem døtrene i det stregt patriarkalske samfunnet. Tevje vil så gjerne gifte bort jentene sine, men jentene har eigne planar. Slikt blir det konflikt av. Det er samtidig sosial uro i lokalsamfunnet, der jødane er lite velkomne. Til slutt må dei reise sin veg frå alt dei eig, i sluttscena blir det vist bilde frå dagens flyktningesituasjon, til intens og sterk musikk av Gaute Skrove.

Denne historia blir formidla på ein flott måte av Vestnes teaterlag. Torgeir Utgård gjer ein solid innsats gjennom heile historia som mjølkemannen, heile ensemblet deltar med liv og lyst. Musikken understrekar stemninga, orkesteret med blanding av amatørar og profesjonelle musikarar klang svært bra.

Vestnes teaterlag og instruktør Rolf Marius Orø har all grunn til vere stolt av denne forestillinga. 600 publikummarar såg framsyninga, det skulle vore enda fleire.