Sjå og høyr gamle båtmotorar

Lyden av ein Brunvoll, ein Wichmann eller ein Union er som musikk for Bjørn og Bjørnar Opstad.
Opstad museum
  • Kva: Privat museum for gamle båtmotorar og ei eiga avdeling for gamle traktorar.
  • Kvar: Opstad på sørsida av Otrøya i Midsund kommune.
  • Reisemåte: Frå Molde: Køyr til Mordalsvågen og ta ferja over til Solholmen på Otrøya. Ta til venstre og køyr 6 km. Opstad museum ligg på nedsida av vegen.
  • Aktuelt: Alle motorinteresserte bør sette av datoen 26. juli. Då inviterer Opstad museum til «Gamlemotorens dag» med utstilling, oppstart av små og store motorar og grilling (ta med eigen grillmat). I tillegg kjem Nordmøre og Romsdal Kjøretøyhistorisk Klubb med veteranbilar. Kanskje kjem også nokre veteranbåtar.
  • Nett: opstadmuseum.no
  • Sjå (og høyr!) også Bjørnar Opstads filmar med gamle båtmotorar på Facebook og Youtube!
Kortreist

Dunk.... dunk....dunk! Eller: dunk, dunk, dunk! Eller: dunkdunkdunkdunkdunk! Eg stoppar der. Lyden av ein 66 år gammal Wichmann båtmotor på tomgang, sakte fart og full fart kan ikkje formast i skrift!

Musikk

Men eg veit råd. Ta turen til Opstad på sørsida av Otrøya i Midsund kommune, og gjer ein avtale med far og son Bjørn og Bjørnar Opstad. Dei har laga sitt eige motormuseum med 25 små og store båtmotorar. Eg var der ein tur denne veka, og då fekk eg høyre den herlege rytmen frå ein 50 hestekrefters Wichmann semidiesel.

Først maskinromlyden inne i museumslokalet der Bjørn Opstad har gløda og starta motoren. Deretter kan eg og Bjørnar Opstad nyte den karakteristiske dunkelyden og synet av røykringane frå skorsteinen på utsida av bygningen. Visst er det musikk!

Samlar

Bjørn Opstad fortel korleis han fekk denne store interessen for båtmotorar:

- Etter at eg var konfirmert i 1960, var det rett på sjøen. Eg tok motorpassarkurs på Fiskarfag-skulen på Aukra i 1963–64. Saman med bror min, Ola Opstad, kjøpte eg fraktebåten «Tex» og seinare «Broa». Med dei gjekk vi med all slags gods mellom Vadsø i nord og København i sør fram til 1972. Då gjekk eg på land og starta Opstad Maskin. Sjølivet i unge år, er bakgrunnen for mi store interessa for båtmotorar, seier Bjørn Opstad.

Første spiren til den store samlinga med båtmotorar kom i 1993. Bjørn Opstad hadde fått i oppdrag å løfte motoren ut av ein ei risørskøyte på hamna i Midsund.

- Eg gjer jobben om eg får motoren, sa eg. Slik heng det saman at eg kom heim til Opstad med ein 56 hestekrefters Brunvoll semidiesel, byggeår 1964. Sidan då har det gått slag i slag, og vi har no 25 båtmotorar i samlinga vår. Den eldste er ein 3 hestars Klauset glødehodemotor, bygd ved Klauset mekaniske verkstad i Rakvågen her på Otrøya tidleg på 1920-talet. Første eigar var Nils K. Rakvåg som monterte motoren i båten «Svartestilljå». Seinare var motoren i bruk som trøskemotor og i snikkarverkstaden til Peder Jonas Heggdalsvik fram til straumen kom hausten 1952, seier Bjørn Opstad.

Ung mekanikar

Bjørnar Opstad har gått i fotspora til faren sin når det gjeld interesse for motorar. Han valgte mekaniske fag på vidaregåande og tok fagbrev som lastebilmekanikar. Alt som 13-åring pussa han opp ein traktor, som no er ein del av landbrukssamlinga ved Opstad museum.

- Eg var med far i garasjen frå eg var smågut, og i 1995 fekk eg ein 1959-modell Burcher K3-tohjulstraktor av onkel og tante på Svinset. Eg pussa vekk rust, måla den opp att og bygde ny hengar på grunnlag av gamle brosjyrar. Hjulgangen til hengaren fann eg på Svinset, seier Bjørnar Opstad.

Motorar skal gå

Sidan då har han vore med på å bygge opp samlinga av båtmotorar, traktorar, motorsyklar og bilar som no utgjer Opstad museum.

- Vi har som eit prinsipp at motorane våre skal settast i stand slik at dei kan startast. Det er ikkje alltid like enkelt. Nokre av båtmotorane er sterkt påverka av rust både innvendig og utvendig. Vi har henta heim motorar som har vore lagra utandørs, der vi måtte sage vekk tre som har vakse tvers gjennom dei. Ofte manglar det viktige deler, og då må vi på skattejakt for å finne dei. Dette gjeld særleg deler av messing og koppar, som til dømes smøreapparat, seier Bjørn Opstad.

Vi går frå motor til motor inne i det store lokalet som fungerer som museum og mekanisk verkstad for dei 25 båtmotorane. Langs vestveggen står fire store motorar på solide fundament: Ein Brunvoll 56 HK semidiesel, type KA42 frå 1964, ein 50 HK Wichmann semidiesel, type K frå 1948, ein 150 HK Union semidiesel, type 3EX5602 frå 1956 og ein 180 HK Wichmann 4DC, 1962-modell. Alle fire er klargjort for oppstart med eksosrør som er ført ut på sørsida av bygningen.

Sjå og høyre

Vi reiser oss frå den trivelege kaffikroken der vi har prata motor, drukke kaffi og  spist bollar saman med Bjørns kone, Norveig Opstad, Kristine Kyte som er sambuar med Bjørnar og vesle Emil på to månader. No skal eg få høyre!

Bjørn set i gang prosessen med gløding og klargjering, og etter 15–20 minutt er motoren i gang. Eg blir ståande lenge på utsida av bygningen for å høyre Wichmann-motoren rytmiske dunkelydar og beundre dei velforma røykringane mot kveldssola som lyser opp mot Tautra ute på fjorden.

Eigen båt

Etterpå fekk eg ei omvising i landbruksavdelinga av Opstad motormuseum. Der fekk eg sjå tohjulstraktorar og andre veterantraktorar, mopedar, motorsyklar, bilar og mykje anna. Opstad Museum har no endeleg også fått sin eigen veteranbåt, ei nyrestaurert mørekuttar med ein like nyrestaurert Volda-motor. «Draumen» oppfyller ein gammal båtdraum for Bjørn.

Open dag 26. juli

Folk med interesse for gamle båtmotorar og alt det andre du kan sjå og høyre på Opstad museum, bør ta turen hit laurdag 26. juli. Då er det Gamlemotorens dag med oppstart av store og små motorar og andre innslag. Nordmøre og Romsdal Kjøretøyhistoriske klubb deltar også på open dag ved Opstad museum.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist