Eventyrlege Harstadfjellet

Må eg velje eitt av våre mange fantastiske skifjell? Då blir det Harstadfjellet!

Då er vi klar for hovudretten, ski-køyringa ned att frå fjellet

Harstadfjellet
Kortreist

Møre og Romsdal er eit av verdas beste område for toppturar på ski. Du har mykje å velje i enten du vi ha ein stortur med bratt nedkøyring, eller ein dag utan dei store utfordringane verken på opp- eller nedturen.

Vil du ha noko midt i mellom? Då bør du ta turen til Batnfjordøra og den flotte, søraustvendte fjellsida på Harstadfjellet. Velg ein finvêrsdag etter snøfall, sjekk at det ikkje er rasfare og du får ei skioppleving som er, ja nettopp, i verdsklasse!

Opptur. Toppen av Harstadfjellet ligg på grensa mellom Gjemnes og Eide. Skituren startar frå Gaupset eller Harstad, gardar som ligg ved bygdevegen (fylkesveg 286) rett under fjellet. Frå Gaupset startar du opp gjennom ein delvis gjengrodd skibakke, men det lettaste er å følgje skogsvegen som går opp til venstre for skibakken. Skogsvegen fører opp den bratte skogslia og opp i open bjørkeskog. Herfrå går det i mindre bratt terreng («Dompinj») til du er oppe i snaufjellet. Den beste og sikraste oppstigninga går opp høgrekanten (austsida) av fjellet. Då kjem du opp til toppen nokre hundre meter aust for høgaste topp. Turen frå Harstad følgjer løypa for Harstadfjellrennet. Ein skogsveg fører gjennom skogen. Derfrå vidare mot toppen langs høgresida av fjellsida som for turen frå Gauset.

Utsyn. Frå toppen har du vidt utsyn mot nordmørskysten i nord og romsdalsfjella i sør. I klarver ser du Mekknoken på Averøya, vindmøllene på Smøla, fjelltoppane på Tustna og vår kjære naboby Kristiansund. Snur du deg mot sør ligg tinderekkja på rekkje og rad frå indre Nordmøre til Eresfjord med Skjorta, Venjestindane, Trolltindana og sunnmørsfjella lengt i sørvest. Nærmast ligg Fursetfjellet og bak der Moldes høgste fjell, Skåla. Så vakkert til alle kantar, og her oppe frå er det ingen fogderigrenser å sjå!

Nedtur. Då er vi klar for hovudretten, ski-køyringa ned att frå fjellet. Den tryggaste og enklaste er å renne ned om lag langs det same sporet som du kom opp. Vi du ha brattare terreng, finn du det lenger til høgre sett ovanfrå og langs ryggformasjonen som startar eit stykke vest for toppvarden. Ver forsiktig med toppskavlen og sjekk rasfaren grundig før du prøver deg på bratt terreng der du ikkje har sjekka forholda på veg opp.

Så er det berre å la det stå til. Du har 950 høgdemeter med til dels perfekt skikøyring å sjå fram til.

Ned i bygda ser eg tilbake på dei mange skispora som dekorerer fjellsida der oppe. Eg veit om folk som er så ivrige, og i så god form, at dei limar på igjen fellene og gjer same turen ein gong til. Så ivrig (!) er ikkje eg, men kanskje i morgon? Om eg ikkje heller prøver ein av dei mange andre toppturane i Romsdal, Sunnmøre eller Nordmøre. For sjølv om Harstadfjellet er fantastisk, har vi mange andre lokale turar som er i same klassen. Så kanskje blir det Skåla neste gong? Eller Ystetinden? Øspetinden? Urfjellet? Kyrkjetaket? Nonstinden? Å hildrande du, eg kunne ha nemnt mange fleire!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist