Gå til toppen av Trollveggen

Også fotturistar kan nå toppen av Trollveggen. Bli med på tur frå Stigrøra til Brureskaret.

  Foto: Iver Gjelstenli

Opplevingane under vegs er mange og store

Trolltindane
Kortreist

Romsdalingar kan skryte av å ha ein av verdas høgaste og mest imponerande fjellvegger. Mange nøyer seg med å sjå Trollveggen og Trolltindeggen frå utsiktspunktet på rasteplassen nede dalen. Vil du ha meir, får du først med deg ein fin biltur opp Trollstigvegen.

BILDER: Se flere bilder fra den luftige fjellturen her!

Deretter ein endå finare fottur opp til baksida av Trolltindane og Trollveggen. Du må med andre ord ikkje vere fjellklatrar for å nyte synet av «Nord-Europas høgaste loddrette stup» på nært hald.

Merka sti. Fotturen startar frå parkeringsplassen på Stigrøra. Start med turvegen mot utsiktsplassen. Etter 300 meter tar du av til høgre, og kjem inn på den merka ruta som fører opp mellom Stigbotnhornet og Storgrovfjellet til Frukostplassen.

Herfrå ser du resten av turterrenget i storsteina ur og bratte grusbakkar under Stabben, Trollryggen, Trollspiret og Trollkjerringa (Bryns nål) fram til det lågaste skaret i Trolltindeggen, Bruraskaret.

Grei fottur. Stien er ofte utydeleg, og ein del passasjer går i ulendt terreng. Så ille som det kan sjå ut frå Frukostplassen, er det likevel ikkje.

Fjellvande folk vil oppleve dette som ein grei fottur, og passasjen frå under Trollspiret til Bruraskaret, «The Troll Highway», er rydda, oppmura og delvis hellelagt av Arne Randers Heen og andre lokale fjellfolk.

Visuelt sjokk. Opplevingane under vegs er mange og store: Utsynet tilbake mot Finnan, Bispen, Kongen og Dronninga, kryssinga av elva frå Stigbotnvatnet. Det første sjokket når først Stabben og deretter resten av Trolltindeggen kjem til syne.

Det store visuelle sjokket får du når du gløtter over kanten, og ser stupet på 1000 meter ned i ura og vidare nesten 1000 meter til ned i Romsdalen. Gå ikkje for langt utpå kanten!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist