På jakt etter ur-romsdalingen

For 6 – 7000 år sidan rissa ein steinalder-mann ein elg inn i berget på Boggestranda. Seinare kom ein heil dyreflokk

Helleristningane på Boggestranda er mellom dei største og mest interessante i landet

Bjørn Ringstad
Helleristningar i Romsdal
Kortreist

Denne representanten for våre tidlege forfedre sto nede ved det som var flomålet den gongen. Ved sidan av han låg båten hans. Kanskje kom han frå Nyhamna på Gossen, og skulle padle vidare til Eikesdal for å jakte elg, hjort og villrein. Ja, for den gongen var vår tids Eikesdalsvatn ein del av fjorden etter at istida hadde pressa ned landet.

Stort. Eg er på Boggestranda saman med fylkeskonservator og arkeolog Bjørn Ringstad:

– Helleristningane på Boggestranda er mellom dei største og mest interessante i landet. Dei kan samanliknast med det ein har funne i Østfold, Nord-Trøndelag, Alta, Vingen i Sunnfjord og Austevik i Sunnfjord. I Møre og Romsdal har vi også interessante helleristningar på Tingvoll og Averøya. I Romsdal har vi i tillegg til dei tre felta på Boggestranda, også mindre helleristningar på Nord-Heggdal, Bjørset i Molde og Bjørsnøs i Fræna. Det er også funne nokre skålgroper på Sylte i Tresfjord, seier Bjørn Ringstad.

Levande. Historia blir levande for meg når eg står og ser på desse livsteikna frå steinalderen saman med ein fagmann. Til saman er det meir enn 50 dyrefigurar på det store svaberget vi har framom oss. Elgen skil seg ut med sine runde, naturalistiske former. Dei andre dyrefigurane, hjort eller rein (?), er meir stiliserte og har kome til seinare. Vi kan med andre ord sjå føre oss at etterkommarane etter steinalderkunstnaren som laga elgen, har drege opp båtane sine på den same staden i hundreåra etter og rissa inn sine teikningar.

Niser og båtar. Etter kvart som hundreåra gjekk, heva landet seg. 500 år seinare låg svaberget med elgen og dyreflokken langt inne på land, og flokken av steinaldermenn på jakt drog opp båtane sine i det som no hadde blitt flomålet. Her finn vi andre helleristingar, det såkalla Bogge II. Det meste karakteristiske motivet her er seks kvalar (niser) og små klubbar, eller er det kanskje trommestikker?

Vandrar vi vidare ned mot sjøen, til Bogge III, vandrar vi også framover i tid, til yngre steinalder cirka 2500 år før vår tidsrekning. Her er det helleristingar av 12 – 13 båtar som dominerer, saman med ring- og spiralfigurar.

Veideristingane på Boggestranda frå steinalderen, bronsealderen og eldre jarnalder er Møre og Romsdals største samling av forhistorisk bergkunst. Til saman 80–90 ristningar er registrert på dei tre felta ved garden Utbugge mellom Eidsvåg og Eresfjord. Kven veit om ikkje vegetasjonen som dekker dei mange svaberga i området skjuler meir?

Tre andre felt. Ein tur til helleristingsfelta på Boggestranda er ei kortreist oppleving av dei store, men er du interessert i vår eldre norske historie bør du også få med deg dei andre helleristningane i Romsdal:

Om lag 12 meter over dagens strandlinje på Bjørset i Molde kan du sjå ristingar på to jordfaste steinar. Den eine er linjer og groper i eit mønster som kan vere vanskeleg å tolke. Den andre er to kvalar. Sannsynleg alder 5- 6000 år. På Bjørsnøs ved Langvatnet i Fræna er det rissa inn ein mann med boge. Skal vi datere etter høgd over havet, kan denne vere 12000 år gammal, men sannsynlegvis er dette ikkje ei veideristning laga ved sjøen, men ei jordbruksristing laga av folk som heldt til ved Langvatnet. Dateringa er usikker. På Reitaneset på Nord-Heggdal i Midsund kommune er det funne ristingar på ei fjellblokk. Den eine viser ei flyndre, den andre sannsynlegvis ein storfugl. Her er teikningane utfylt med fine mønster. Alderen kan vere vel 5000 år.

Vi du ha endå meir, så ta turen til Søbstad og Rausand på Averøya og Tingvoll.

Vi har for tiden tekniske problem med vårt kommentarfelt. Vi beklager ulempene det medfører.
Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist