Fjelltur mellom Fræna og Molde

Før i tida gjekk freningane til fots over fjellet når dei skulle til Molde. No har den gamle ferdselsvegen over Gangskaret blitt tursti.

Her gjekk dei med kløvhest og krøter. Det kan ikkje ha vore enkelt,

Harry Hestad
Gangskaret
Kortreist

Fræna/Molde: Før vegane rundt Julsundet og over Skaret mellom Molde og Fræna vart bygd i andre halvdel av 1800-talet, gjekk folk kortaste veg over fjellet. Ifølgje Nils Parelius og Sverre Berg (Molde og Romsdals Turistforenings årbok 1959) var det tre slike ferdselsvegar mellom Fræna og Molde. Lengst vest frå Åndal gjekk folk gjennom Sæterskaret, forbi Langvatnet og ned Bjørsetlia. Noko lenger aust førte ein fjellveg frå Sandsbukta og Holsetra gjennom Holskaret, forbi Moldevatnet og ned til byen gjennom Moldedalen. Den austlegaste ferdselsvegen gjekk opp frå Malmedalen, gjennom Gangskaret aust for Skolmelia og langs austsida av Skolmelia til Molde. Det er den sistnemnde ferdselsvegen som no er rydda, merka, sikra og skilta som turveg.

BILDER: Se flere bilder fra turen her!

Buss og fottur. Eg fekk følgje på turen med initiativtakaren, kultursjef Harry Hestad i Fræna kommune, grunneigar Bjørn Malme og Kåre Moen frå Fræna jeger- og fiskerforening.

– Dette kan bli ein populær tur både for folk frå Fræna og Molde. Kvifor ikkje ta bussen frå Molde, og gå heim att til Molde. Eller omvendt. Ta bussen til Molde, og gå til Fræna, seier Harry Hestad.

Turen er ikkeje lenger enn at det går fint å gå tur retur også. Ein romsleg parkeringsplass er lage ved starten av turen nedst i Malmedalen. Der finn du også ei god informasjonstavle. Fleire skilt og endå ei informasjonstavle fekk du ved stien oppe på fjellet. Skilta og merka er levert av spesialistane på området, Arkeoplan.

Dramatisk fortid. Undervegs er det grunn til å tenkje over korleis det var å ta seg fram i den tida då dette var den ferdselsvegen mellom Fræna og Molde.

– Her gjekk dei med kløvhest og krøter. Det kan ikkje ha vore enkelt, seier Harry Hestad idet vi småklatrar opp den bratte passasjen på nordsida av Gangskaret. Av og til kunne det gå galt. Ei ung jente frå Fræna omkom av skadane etter eit fall då ho hadde gått feil i dårleg ver oppe ved Gangskaet i 1916. Meir om dette og andre sider ved historia om vegen over Gangskaret kan du lese om på informasjonstavlene langs stien.

Vidt utsyn. Frå vasskiljet og kommunegrensa oppe på fjellet mellom Skolmelia og Tusten, får du ein strålande utsyn tilbake mot Fræna og sørover mot Romsdalsfjorden og fjella på den andre sida av fjorden. Turen vidare mot byen kan gjerast på fleire måtar. Herfrå er det Molde og Romsdals Turistforening som har ansvaret for merking og skilting. Kortaste veg går langs Bergsvatnet til Øverlandsvatnet og Jensgurilia. Den originale ferdselsvegen gjekk ned Moldedalen til byen.

Vi har fått ein fin og spanande tilvekst i vårt nære og kortreiste turterreng. God tur anten du skal til Molde eller Fræna!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist