Sagbruk med historiske røter

Rauma/LESJA: Romsdalen ein vårdag med brusande elvar og fossar. Naturen viser krefter. Snart skal eg få sjå korleis desse kreftene har vore utnytta opp gjennom historia.
Brøstsaga
Kva: Eit sagbruk som blir drive med vasskraft. På det same området er det sett opp ei oppgangssag, to kverner, ei vadmålstampe og eit tjørebrenningsanlegg. Kvar: Ved vegen til garden Brøste i grenseområdet mellom Rauma og Lesja. Reisemåte: Privatbil opp Romsdalen frå Åndalsnes. Etter 45 km er du i krysset der vegen tar av til høgre mot Brøste. Køyr 1,5 km og du er ved Brøstsaga. Du kan sjølvsagt også ta Raumabanen til Bjorli og ta drosje derfrå til Brøstsaga. Mat og drikke: Butikk på Verma. Hotell, butikk og bensinstasjon på Bjorli. Sesong: Omvisning frå 20. juni til 15. september. Prisar: Omvising kostar 50 kroner for vaksne, gratis for barn. Nett: lesja.kommune.no romsdal.com
Kortreist

Nokre kilometer før Bjorli ser eg det brune skiltet: "Sagelva", og svingar til høgre retning Brøste. Etter 1,5 km er eg midt oppe i eit eventyr av eit sagbruk. Brøstsaga er både eit museum og eit anlegg i full drift.

Naturleg vasskraft

Her, midt inne i furuskogen, har lokale eldsjeler sett opp eit sagbruk som blir drive med vasshjul. Kåre Brøste, Ola Brøste, Rune Brøste og Lars Fransplass er i fullt arbeid ved saga når eg kjem. Brøstsaga er både museum og eit sagbruk i full drift. Mellom kundane som kjøpet trelast fra Brøstsaga, er Romsdalsmuseet.

– Sagelva kjem frå Asbjørnsåa, og her har det vore sagbruk sidan 1719. Då vart den første oppgangsaga sett opp her. Ny oppgangsag vart sett opp i 1870 av gardane Nystua, Stuguflåten og Brøste. Den saga var i drift til 1917. Då kom den første sirkelsaga, som vart modernisert i 1933–34. Sagbruket var i drift fram til 1959. Då kom den store snøvinteren 1959–60, som braut ned bygningane og gjorde førebels slutt på den lange tradisjonen med sagbruk her ved Sagelva, fortel Kåre Brøste.

1933-versjonen

50 år seinare er Brøstsaga bygd opp att, som ein kopi av 1933-versjonen. Dette er takka vere stor innsats og engasjement frå grunneigaren Per Stueflotten og medlemene i Brøste Stueflotten Kulturlag. Arbeidet tok til i 1999, og i 2002 kunne dei prøvekøyre saga. Seinare kom oppbygginga av to kverner, ei vadmålsstampe, ei oppgangssag og tjærebrenningsanlegg. Hittil er det registrert 17.000 dugnadstimar. I tillegg har Per Stueflotten bygd eit moderne minikraftverk som utnyttar vatnet før det renn vidare til Brøstsaga. Området ved Brøstsaga er med andre ord ei lærebok i korleis ein kan utnytte vasskrafta på gammalt og moderne vis.

– Eg må få legge til at vi har fått økonomisk støtte frå grunneigarlaga i området, Oppland fylke, Møre og Romsdal fylke, Lesja kommune, Rauma kommune og fleire private bedrifter, seier Kåre Brøste. Kulturprisar har det og blitt, både frå Romsdals Fellesbank i 2004, Lesja kommune i 2006 og frå Rauma kommune i 2007.

Naturoppleving

Nokre timar med vandring og omvising ved Brøstsaga gir både kunnskap og naturoppleving. Gjer du som eg, tek du deg også ein skogstur langs den godt kamuflerte "kraftgata" til inntaket for minikraftverket. Der brusar Asbjørnsåa forbi, og landskapet opnar seg mot Brøste og Brøstkampen.

God tur til Brøstsaga og den vakre naturen i grenselandet mellom Rauma og Lesja, Møre og Romsdal og Oppland!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist